Notater |
Gift:
- Familien auka raskt, og ?r for ?r vart det vanskele-gare ? greia seg utan hjelp fr? det offentlege, dvs. fattigkassa.
Ved kontrakt tgl. 1882 19.06. avhenda Halvor Halvorson gardsbruket til Sivert Olson Ytrevold for 3.000 kr. Med i handelen h?yrde ogs? plassen Golhaug, som Halvor hadde f?tt sk?yte p? 1878 samstundes som han fekk overdrege bruk B.
Halvor Halvorson flytte no med familien inn p? Golhaug, som vart fr?delt ved skyldskifte tgl. 1883 04.06.(bruk BB, sj? der).
BB.1 Halvor Halvorson fekk sk?yte p? plassen 1878 14.03., og han flytte over hit d? han selde bruk B 1882, sj? B.2.
Halvor gjekk p? dagarbeid og var til dels underst?tta av fattigvesenet. Ved innf?ringar i kyrkjeb?kene er han kalla arbeidar, og i visse samanhengar ogs? fattiglem. Det er ikkje lett ? skj?na korleis den store familien kunne f? plass i den vesle stove p? Golhaug. I 1891 var fem av borna heime, dei tre yngste og dessutan Halvor og Erik. Halvor dreiv som skomakar og d?ydde alt i 1894 ("ugift fattiglem" st?r det innf?rt i kyrkjeboka), Erik st?r registrert som jordarbeidar. I 1900 og 1910 hadde det vorte romslegare i stove, for d? var det berre sonen Mandius som budde heime. Han drog over til Amerika i 1905 og arbeidde p? farm i Minnesota, men kom tilbake, og i 1910 gjekk han p? dagarbeid.
Ved grunnboksheimel tgl. 1950 17.01. vart Golhaug overf?rt til Trygve Vik (B.6). Han selde til svigersonen 1975 (sj? B.7).
|